Haust Retreat 26 – 29 oktober 2017

I år er vi så heldige at Haustretreatet blir leia av Thay Phap An saman med to nonner og to munkar frå EIAB, European Institute of Applied Buddhism. Thay Phap An har lang internasjonal erfaring som lærarar under Thich Nhat Hanh. Som er vanleg i denne tradisjonen inkluderar retreatet  rolege, avslappande dagar med meditasjon og Qi Gong blant va!cid_59CEB21E-423A-422B-9096-754E77D99AC8kre fjell og skog, dyp avspenning, dharmataler, gruppesamtaler måltidspraksis, mm.. Spesielt på dette retreatet skal deltakarar få instruksjon i Qi Gong sekvensen Tilbake til Våren (Return to Spring) som hjelpe oss å forbli ung og frisk og fremjar eit langt liv. Retreatet blir på engelsk.

Les meir om Thay Phap An her .

Retreatet begynner på torsdagskveld  med eit felles måltid kl.1800 for dei som kan koma tidlegare elles blir det oppstart med orientering kl.20:00. Det er  moglegheit for folk å slutte seg til på fredagskveld. Retreatet sluttar på sundags ettermiddag kl.1300. Ta gjerne kontakt om du vil delta som nybegynner eller om du lurar på noko vedr. tidene.
Om Lokalen
Kirsten og Jem Aalstveit organiserar retreatet på sin eigen gard. Det er vakker utsikt over høgfjell og skog med mange fine naturstigar til gåmeditasjon.
Mat:
Det blir servert vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.
Ta med:
Sovepose, pute, håndklede, toalettsakar. Tøfler inne. Du treng ledige kleder til meditasjon, varme kler og gode sko/vandrestøvler til utendørs gåmeditasjon, og gjerne penn og notisblokk. Har du meditasjonspute eller teppe, ta det med, for øvrig har vi ein del puter og krakkar.

Pris og overnatting:
Kr.500,- pr. døgn. (Helg = 2 døgn. Heile retreat = 3 døgn). Dette inkluderar mat og bruk av fasilitetar. Det er tilgang til meditasjonssal, kjøkken, møte/spiserom, garderobe, dusj og wc.
Gratis overnatting på Aalstveit;- i lavvu (inntil 6 pers),  fjelltelt (vi har nokre få til låns) eller flatseng på dojo-gulvet (meditasjonssalen). Evt i eget telt, bubil e.l.

Kr.250,- for barn. Barn må vere med føresatt. Vi har dessverre ingen program for barn. Ta kontakt for info.

De som ønsker meir komfortabel innkvartering kan kontakte http://www.hemsedal.com/no (info om reise også). Om det er behov skal vi prøve å organisere felles kjøring/skyss til og frå Aalstveit om morgenen og om kvelden. Gi gjerne beskjed om du kjem med bil og vil bidra.

Dana: Gåve til læraren
Læren er uvurderleg, og tradisjonen tru tar dharmalæraren ikkje betalt for å undervise. For å vise sin takknemlegheit til læraren for det ein har fått kan ein gje ein gåve, eller dana (gåvmildheit). Hugs difor kontantar. Dana er ein djup og viktig buddhistisk praksis.

Påmelding:!cid_1833840D-9C2E-44E6-8D94-37ADA2C47F53

Det er viktig å melde seg på før 22. oktober for at vi kan organisere mat og nok soveplassar.

For å bli påmeldt må du først betale det aktuelle beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465. Etterpå send e-post eller ring Jem og fortell kva slags overnatting du ynskjer eller om du har bestilt ein annen plass. Han skal då setja deg på deltakerliste, kjøper inn mat og evt ordne soveplass.

Kontakt og meir info;
Jem Wilson, Aalstveit, Lykkjavegen 212, 3560 Hemsedal,????????????????????????????????????

mob. 90656407, e-post  jwilson@online.no eller   info@heimvegen.com

Reisen:
Meir info finns på rutebok.no (hjelper med bl.a. buss og tog tider frå Bergen), www.nsb.no (tog til Gol frå Oslo og Bergen), og www.brakar.no (lokalbussar til Hemsedal)

Kartreferanse til Aalstveit.!cid_9C706DC8-220E-425B-B02F-FBEFAB57EDD7

Vel møtt til ei meiningsfull og lærerik helg!