Kurs og Trening i Lausdans
Merk! Me har endra dette til å vere Bygdedans og Folkedans på visse sundagar. Ta kontakt for meir info..
Arrangert av Samhald Ungdomslag i Hemsedal
Onsdagar frå 17 januar kl.1830 – kl.1930
Pris; kr.400,-
Stad; Hugnadheim
Kurset er tilpassa alle over 15 år, båe kjønn.
Me held fram til Påska.
Du lærar lausdans frå Hemsedal ved å trene dei forskjellige stega og korleis du kan setja dei saman. Me begynner med noko oppvarming før dansinga og uttøying etterpå – dette for å få best utbytte av treninga og auka meistring av dansen.
Me har fleire lokale spelemenn som spelar for oss og elles brukar me rocka versjonar av låtar som har høveleg takt.
Kom i treningsklær og sko (innandørs)
Ta også med handklede som ein kan turke panna med 😉
Du får litt vatn, juice, fruktbetar og liknande i pausen.
For meir info kontakt;
Jem Aalstveit
sms; 90656407
Arrangør; Samhald Ungdomslag
Nye kommentarar