Haustretreat; meditasjon og friluftsliv

!cid_59CEB21E-423A-422B-9096-754E77D99AC8

Gå-meditasjon i skogen

I år skal haustretreatet bli leia av Dharmalærar Eevi Beck og Jem Wilson Aalstveit. Begge har lang erfaring  i praksisen.  Eevi er Dharmalærar i Drivande skyers sangha i Oslo og underviser nokså regelmessig i både Plum Village og European Institute of Applied Buddhism. Jem leiar Fjell-sangha i Hemsedal er øko-småbrukar og gir vegledning i meditativ friluftsliv og naturlege mindfull movements.  Gjennom sitje-, gåmeditasjon og mindfull movements/Qi Gong i det vakre fjellandskapet rundt Aalstveit kan vi oppleve harmonien av naturen rundt oss og i oss.

Alle er velkomne!

Som er vanleg i denne tradisjonen inkluderar retreatet  rolege, avslappande dagar med meditasjon og Qi Gong blant vakre fjell og skog, dyp avspenning, dharmataler, gruppesamtaler måltidspraksis, mm.. Om veret tillet blir det ein lengre gå-meditasjon ute på laurdag – forhåpentlegvis på snaufjellet. Retreatet blir på norsk med moglegheit for oversetjing til engelsk .

Retreatet begynner på fredagskveld  med eit felles måltid kl.1830 for dei som kan koma tidlegare elles blir det oppstart med orientering kl.1945. Retreatet sluttar på sundags ettermiddag kl.1300. Ta gjerne kontakt om du vil delta som nybegynner eller om du lurar på noko vedr. tidene.

Om Lokalen
Kirsten og Jem Aalstveit organiserar retreatet på sin eigen gard. Det er vakker utsikt over høgfjell og skog med mange fine naturstigar til gåmeditasjon.

Mat:
Det blir servert vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.!cid_1833840D-9C2E-44E6-8D94-37ADA2C47F53

Ta med:
Sovepose, pute, håndklede, toalettsakar. Tøfler inne. Du treng ledige kleder til meditasjon, varme kler og gode sko/vandrestøvler til utendørs gåmeditasjon, og gjerne penn og notisblokk. Har du meditasjonspute eller teppe, ta det med, for øvrig har vi ein del puter og krakkar.

Pris og overnatting:
Kr.1200 for heile retreatet. Dette inkluderar mat, honorar til lærarane og bruk av meditasjonssal, kjøkken, møte/spiserom, garderobe, dusj og wc.
Gratis overnatting på Aalstveit;- i lavvu (inntil 6 pers),  fjelltelt (vi har nokre få til låns) eller flatseng på dojo-gulvet (meditasjonssalen). Evt. i eiget telt, bubil e.l.

Kr.250,- for barn. Barn må vere med føresatt. Vi har dessverre ingen program for barn. Ta kontakt for info.????????????????????????????????????

De som ønsker meir komfortabel innkvartering kan kontakte http://www.hemsedal.com/no (info om reise også). Om det er behov skal vi prøve å organisere felles kjøring/skyss til og frå Aalstveit om morgenen og om kvelden. Gi gjerne beskjed om du kjem med bil og vil bidra.

Påmelding:

Det er viktig å melde seg på før 22. september for at vi kan organisere mat og nok soveplassar.

For å bli påmeldt må du først betale det aktuelle beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465. Etterpå send e-post eller ring Jem og fortell kva slags overnatting du ynskjer eller om du har bestilt ein annen plass. Han skal då setja deg på deltakerliste, kjøper inn mat og evt ord!cid_9C706DC8-220E-425B-B02F-FBEFAB57EDD7ne soveplass.

Kontakt og meir info;
Jem Wilson, Aalstveit, Lykkjavegen 212, 3560 Hemsedal,

mob. 90656407, e-post  jwilson@online.no eller   info@heimvegen.com

Reisen:
Meir info finns på rutebok.no (hjelper med bl.a. buss og tog tider frå Bergen), www.nsb.no (tog til Gol frå Oslo og Bergen), og www.brakar.no (lokalbussar til Hemsedal)

Kartreferanse til Aalstveit.

Vel møtt til ei meiningsfull og lærerik helg!