Meditasjon og Friluftsliv  

Dato; 11 – 13 oktober  på Aalstveit gard i Hemsedal

I år blir haustretreatet  leia av Jem Wilson Aalstveit som har lang erfaring  i praksisen.  Jem leiar Fjellsangha i Hemsedal, er øko-småbrukar, arbeider med Grøn omsorg og vegledning i meditativ friluftsliv og naturlege, mindfull movements/ Qi Gong. Eevi Beck skal også vere til stades og vil gi vegledning til dei som ynskjer det. Eevi er Dharmalærar i Drivande skyers sangha i Oslo og underviser regelmessig i både Plum Village og European Institute of Applied Buddhism.

Alle er velkomne!

Som  vanleg i denne tradisjonen inkluderar retreatet  rolege, avslappande dagar med meditasjon og Qi Gong blant vakre fjell og skog, dyp avspenning, dharmataler, gruppesamtaler måltidspraksis, mm.. Vi legg opp til ein lengre felles gåmeditasjon ute på laurdag – forhåpentlegvis på snaufjellet. Retreatet blir på norsk med moglegheit for oversetjing til engelsk .

Retreatet begynner på fredagskveld  med eit felles lett måltid kl.1900. Retreatet sluttar på sundags ettermiddag kl.1400. Ta gjerne kontakt om du vil delta som nybegynner eller om du lurar på noko vedr. tidene.

Om Lokalet:
Kirsten og Jem Aalstveit organiserar retreatet på sin eigen gard. Det er vakker utsikt over høgfjell og skog med mange fine naturstigar til gåmeditasjon.

Mat:
Det blir servert vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.
Ta med: Sovepose, pute, håndklede, toalettsakar. Du treng ledige kleder til meditasjon, varme kler og gode sko/vandrestøvler til utendørs gåmeditasjon, og gjerne penn og notisblokk. Har du meditasjonspute eller teppe, ta det med, for øvrig har vi krakkar.
Pris og overnatting:
Kr.1000,- . Dette inkluderar mat og bruk av fasilitetar, også overnatting på Aalstveit;- i lavvu (inntil 6 pers),  fjelltelt (vi har nokre få til låns) eller flatseng på dojo-gulvet (meditasjonssalen). Evt i eget telt, bubil e.l.. Det er tilgang til garderobe, dusj og wc.
kr.500,- for barn.
Prisen er det same om ein overnatte her eller ein annen plass.
De som ønsker meir komfortabel innkvartering kan kontakte www.hemsedal.com/

Info om reisen; www.vy.no . Bussar frå Oslo og Bergen til Ulsåk i Hemsedal. Tog til Gol og møtande lokalbus til Ulsåk. Deltakarar kan bli henta frå Ulsåk som er 2.2km frå garden.

Påmelding: Helst før 01. oktober for å hjelpe god organisering. Du blir påmeldt ved å betale det aktuelle beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465. Send då e-post eller ring Jem som set deg på deltakerliste, kjøper inn mat og evt ordne soveplass.
Kontakt og meir info; Jem Wilson, Aalstveit, 3560 Hemsedal, sms 90656407, e-post  jwilson@online.no
eller   info@heimvegen.com
Vel møtt til ei meiningsfull og lærerik helg!