INN PÅ TUNET

Vi har over ti års erfaring med Inn-På-Tunet tilbod.

På garden er det gamle mjølkefjøset no ferdig ombygd. Det rommer no ei møte/mat stugu, kjøkken, verkstad/sløydsal, rom til komplimentær terapi – rosenmetode, klassisk massasje, og ein større sal i kjellar etasjen til meditasjon, Qi Gong, kampkunst, dans, Naturleg Leik o.l.

Me har fire type Inn-På-Tunet tilbod, og gjennom tilboda vår  satsar vi på å hjelpe deltakarar byggje opp energi, entusiasme og pågangsmot for at dei kan betre meistre kvardagen og utvikle arbeidsglede.

TILBODA

Tilboda våre eignar seg best for ungdommar og vaksne med behov for:

arbeidstrening
rehabilitering
stress-meistring
grønn resept

 

AKTIVITETAR & ARBEID

Aktivitetar og arbeid på garden, og i skogen, kan for eksempel vera:

Foring og stell av buskap – Gamalnorsk Spælsau
Skogsarbeid med tømmer og ved
Arbeid med jorda
Gjerding og laging av gjerdestolpar frå eige virke.
Rydding av beite og kulturlandskap
Snekring og handarbeid
Reparasjon av utstyr

FRILUFTSLIV

Korte og lengre turar til fots, på trugar og ski.
Kanopadling
Båttur med robåt
Fiske i lokale vann
Bueskyting
Overnatting i luvvu, telt, snøhule og lignende.

KOMPLIMENTÆR TERAPI

Rosenmetoden
Klassisk Massasje
Mindfulness Trening
Qi Gong
Meditasjon

MEIR INFORMASJON & BESTILLING

Ynskjer du meir informasjon om tilboda våre, eller å bestille tid til klient?
Bruk skjemaet, eller send ein e-post til info@heimvegen.com.
Du kan ogso ringe oss på telefon  91 65 64 07

Les meir om Aalstveit Gård her.

Send ein e-post

8 + 10 =

Ålstveit Gård & HeimVegen

N:6745046, E:480933