KURS & OPPLEVINGAR

Med Aalstveit og Hemsedal som utgangspunkt arrangerar vi mange typar kurs. Sjå nedover på sida for liste.
Ynskjar du eit anna opplegg enn det som er nevnt her – ta kontakt, så hjelper vi deg gjerne med å lage ein skreddarsydd pakke.

KURS I MINDFULNESS

Mindfulness Trening og Zen Meditasjon kan brukast i alle livets samanhengar, særleg ved stressmeistring, konflikthandtering, teambuilding, som hjelp i fysisk og psykisk rehabilitering, forhold og familieliv, auke i livskvalitet og mykje meir. Gjennom meditasjon får vi innsikten som trengs for å leve meir harmonisk og stødig i kvardagen. Vi utvikler betre konsentrasjon, eit rolegare sinnelag og ein djupare forståing av, og mekjensle for, oss sjølv og ande.

HeimVegen tilbyr Mindfulness Trening for dei fleste grupper og individer – korte innføringar, private timar, kurs og seminar, prøvetimer, reatreat og lignande. Me har opplegg for firma, utdanningsverksemd, turistbedriftar, foreininger, privatpersonar og andre interesserte. Me tilpassar treningen til gruppa eller individet, og legg vekt på god kommunikasjon og deltaking i et trygg og munter stemning.

KURS I SKINN- SYING & TRYKKING

Vi tilbyr tre type kurs i skinnsying og trykking. På alle kursa vil ein lære om kvalitet på skinn, utstyr/verktøy, klipping, forskjellig type saum og trykking av mønster med treblokker. Ein vil også få med historikk og tradisjon knytta til saueskinn og handverk, og symbolikken i dei gamle mønstera.

DAGSKURS

5 timer.
Kr. 400.- inkl.verktøy/utstyr.
Matrialutgifter kr. 100.-500.-(varierar med kva ting ein vel å lage)
Her kan ein lage småting som: votter, sjerf, sitteunderlag, brillehus, småbarnstøfler, hårspenne m.m.

HELGEKURS

12 timer.
Kr. 800.- inkl. utstyr.
Matrialutgifter kr. 1.000.-1.5000.-
Her kan ein lage: puter, sitteunderlag, pulsvarmere, ankelvarmere, votter luer tøfler m.m.

HELGEKURS x 2

32 timar fordelt på 2 helger.
Kurspris; Kr. 2 000.- utstyr inkl.
Materialutgiftar (3-6 saueskinn); ca. kr.3.000.- kr.9.000,-
Det vert nokre veker mellom helgene med tid til å sy heime.
Her kan ein lage fell til stol, benk, seng eller babypose.

KURS I KONFLIKTHANDTERING

Konflikthandtering, Taktil kommunikasjon og Sjølvforsvar.
For: Lærarar, pleiarar, støttekontaktar, resepsjonistar, politi, vektarar eller andre som arbeider med folk.

For å verge (oss sjølv og andre) må vi handtere ubehageleg psykisk og fysisk tilnærming, som utset oss for angst, redsel, frustasjon og lignande, og som i verste fall kan føre til fysisk skade. Vergetrening gir grunnleggjande forståing av prossessane som skjer i konfliktsituasjonar, og korleis ein kan velje høvelege handteringsmetodar. Vergetreningstilboda er opne for alle. Deltakarane treng ikkje være spesielt spreke for å delta, men burde ikkje vera skada eller sjuke. Ein må og ha viljen og evnen til å vere fysisk aktiv under heile treninga. Vi strukturerar kurset etter gruppa, gjer ting lett å hugse og lagar ei fokusert, trygg og munter stemning, som gir mestringsglede.

Kurset passar best for 6 – 10 deltakarar.

Gruppepris
Halv dag eller kveld – 2 timer
kr: 2500,-

 

Også fint som oppføljing / trening – 4 timer
kr: 4000,-

 

2 dager
kr: 9500,-

 

Private kurs, trening og vegleiing – 1 time
kr: 750,-

FJELLTUR

Du opplevar den mektige, vakre og uberørte fjellnaturen på ski, og som regel kjem vi te tøpps. Me legg vekt på trivsel og sikkerheit i fjellet, med fokus på sikre vegval, snøkjennskap og skredvurdering. Du kan lære litt om den lokale naturen og kulturen, samt plante og dyreliv. I tillegg kan vegledaren fortelle om lokale tradisjoner og historie. Turen varer ca 7. timer.

VILLMARKSTUR

Du opplevar korleis du enkelt kan ta deg fram på ski, i fjellskogen og kanskje på snaufjellet. Du lærar korleis du kan finne ein god leirplass og lage eit bål, og ikkje minst korleis du kan ha det triveleg og varmt ute om vinteren. Elles opplevar du noko av den lokale fjellnaturen og kulturen, sikkerheit på tur, snø og skred, plant og dyreliv, lokale tradisjonar og historie. Turen varar i ca 7 timar.

KURS I FJELLFERD

Vinterkurs i fjellferd. Programmet tilpassas kvar gruppe, etter kunnskap og erfaring. 1 ukes hyttetur med både leik og teori. Vi går gjennom tema som ski og utstyr, snø, skred, og bruk av turutstyr. Etterkvart tar me for oss kart, kompass, vegval og lymoglegheiter. Me setter teorien i praksis med ein lengre tur i fjellet, der overnatting i snøhole er eit av måla. Vi vender tilbake til hytta, der vi vaskar og ryddar før vi går tilbake til Hemseda, og turen er over. Alle oppgavar undervegs i turen organiseres som fellesoppgaver – henting av ved, matlagning, oppvask osv. Dagsplan blir utarbeida av gruppa i sin helheit.

KURS I SIKKERHEIT

HeimVegen har utvikla sin eigen form for vegleiing i samband med fjell – og villmarksturar. Denne er stort sett den same metoden brukt av Norges Høgfjellsskole, der situasjonsbasert opplæring er kjerna. Vi legg vekt på naudsynte sikkerheitsmetoder som til dømes bruks av føremålsenelege klede, førstehjelp, snøkjennskap og skredvurdering, kart og kompass. Vi fokuserer også på deltaking i planleggjing, gjennomføring og oppsummering av turar slik at alle har medansvar. I tillegg legg vi vekt på kommunikasjon; det er viktig at alle kjenner seg høyrt og sett, og dette skjer best når vi skapar ein venleg, munter, inkluderande og trygg stemning.

INFORMASJON & BESTILLING

Ta kontakt for meir informasjon om kursa, eller om du ynskjer å bestille tid. Bruk skjemaet, eller send ein e-post til info@heimvegen.com. Du kan ogso ringe oss på telefon  90 65 64 07

ANNA TYPE KURS?

Vi arrangerar fleire typer kurs og retreats på Aalstveit. Ynskjer du noko spesielt, eller vil tilpasse eit av dei eksisterande kursa, ta kontakt. Vi er fleksible, og legger til rette for alle typar folk og grupper.

 

TA KONTAKT

6 + 14 =

Ålstveit Gård