SHINKAKUZAN

På Aalstveit Gard har vi etablert vårt eige kompetansesenter, med eige treningssal: Shinkakuzan Wakō Dōjō
Her tilbyr vi det fleste typer undervisning innan Zen og Asiatisk Kampkunst, for dei fleste grupper og individer.

Shinkakuzan har fast undervisning og mange spennande kurs – les meir på eigen side her.

 

ZEN MEDITASJON

Regelmessig praksis fremjar eit stødig og roleg sinnelag, betrer konsentrasjonen og aukar livskvaliteten. I Østen er det ein eldgamal tradisjon å søke inspirasjon og visdom gjennom nærkontakt med Naturen. Vi kombinerar ofte Zen med friluftsliv.

KAMPKUNST

I kampkunst gjenoppdagar vi naturlege bevegelse, og gjenskaper naturvisdom i oss sjølve. På Aalstveit Gard er heile Østens spekter av kampkunster velkomne.

BUDO er eit japansk samleord for alle dei forskjellige kampkunstenes stilartar og skuler.

BUDO  betyr «Vegen av kampkunst» eller «Vegen av fred gjennom kampkunst»

WAKŌ DŌJŌ

Shinkakuzan Wakō Dōjō er eit ombygd mjølkefjøs, som nå rommer 150m2 treningssal med mjukt golv, og spegel langs veggene. Utgang til den vakre naturen rett frå salen, eller via garderobene i etasjen over.

Ynskjer du å leige treningssalen til eigne opplegg?  Sjå her.

INSTRUKTØREN

Jeremy Wilson – betre kjent som Jem – er hovudinstruktør, og leiar av Shinkakuzan. Han har over 40 års erfaring og har oppnådd 4. dan Wado Ryu og 1. dan Katori Shinto Ryu. Han er også Mindfulness Mentor.

Les meir om Jem på Shinkakuzan.com

Send ein e-post

2 + 5 =