Meditasjon Mindfulness Qi Gong

Meditasjon-og-Naturleg-Friluftsliv-Retreat-2020

HeimVegen Qi Gong og Meditasjon

Onsdagar kl.1830 – kl.2000

Stad; Treningssalen på Aalstveit, Lykkjavegen 214, 3560 Hemsedal

Qi Gong er sakte, avspente og rolege rørsler kombinert med visualisering og naturlege pustrytmer. Dette frigjer energi (qi eller chi), foreiner kropp, pust og ånd, og gir oss klar merksemd og harmonisk sinn. Qi Gong er ein form for ståande- og bevegelsesmeditasjon.

Sittemeditasjon kan vere på ei pute, meditasjonskrakk eller stol. Vi øver også gå-meditasjon, og djup avspenning i liggjande stilling.

Qi Gong og Meditasjon hjelpe oss til å gjenoppdage naturen i oss sjølve – og dermed samhaldet med naturen rundt oss. Ein kjem heimatt til seg sjølv på ein djupare måte. Du får meir balanse og flyt der indre spenninger og stress slepp taket. Då blir det meir rom for stødigheit, glede, indre ro og innsikt – som gir åndeleg og personleg utvikling.

Når vi praktiserer med andre gode vener i ei gruppe (sangha) blir den harmoniske energien og oppmerksamheiten mykje sterkare. Vi kjenner tryggleik og støtte – og motivasjon til å halde fram. Denne gruppa er kjent som Fjell Sangha.

På onsdagaskvelder tilbyr vi fokusert og strukturert vegledning i ein roleg, fredeleg og trygg stemning. Du treng ikkje vere spesielt sprek eller mjuk. Stillinger og øvinger skal tilpassast.

Du treng ikkje vente på kurs for å vere med.

Velkomen når det passar.

Stad; Treningssalen på Aalstveit, Lykkjavegen 214, 3560 Hemsedal

Pris pr halvår; ungdom kr.300,-, vaksne kr.600,-,

Drop in; kr.100,-

Vipps; 651047 Merk; HeimVegen Meditasjon

For info. og påmelding kontakt info@heimvegen.com eller mob.90656407

Her er nokre lenker som kan inspirere;

 

Qi Gong:
Meditasjon og friluftsliv Hemsedal
Skroll til toppen