OM OSS

Aalstveit Gard

Aalstveit Gard ligg lokalt, men avskjerma til i Hemsedal. Kun 2,2 km frå Ulsåk finn du garden, og alt den har å tilby. Det er fullt mogleg å gå til Aalstveit, eller køyre ein kort tur. Vi har salg av ved, ull, skinn, og andre produkter.

Kontakt oss på e-post eller telefon om du har spørsmål, eller ynskjer å bestille. Velkomen.

Våre tilbod er ideelle for faglag, høgskular og interesseorganisasjonar

HeimVegen

er ein unik oppleving av Natur, Kultur og Helse der friluftsliv, kultur og tradisjonar, naturterapi og naturleg helse står i ein avgjort og bevisst heilskap. All drift og utvekling blir basert på ein økologisk tankegang, der ein prøver å spele på lag med jorda, skogen, landskapet og klima.

GAMALNORSK SPÆLSAU

Den økologiske drifta dannar grunnlaget for HeimVegen, og baserast på hald av Gamalnorsk Spælsau. Desse får gå ute året rundt, men kan velje å kome inn i eit lunt og triveleg fjøs om vinteren.

GARDSKOGEN

blir drive på småskalavis; virket blir solgt eller brukt heime til material, gjerding, reidskap eller ved. Den småskala drifta betyr mykje fysisk arbeid ute på garden, i skogen og i fjellet og er eit godt utgangspunkt for HeimVegen sine tilbod.

Skroll til toppen