heimvegen

Vergekurs og Vergetrening

Konflikthandtering, Taktil Kommunikasjon og Sjølvforsvar

For;- lærarar, sykepleiarar, vernepleiarar, støttekontaktar, resepsjonistar, politi, vekterar eller andre som arbeider med folk.

For å verge (oss sjølve og andre) må vi handtere ubehageleg psykisk og fysisk tilnærming som utset oss for angst, redsel, frustrasjon m.m. og som, i verste fall kan føre til fysisk skade.

Vergetreningstilboda er opne for alle. Deltakarane treng ikkje vere spesielt spreke for å delta, men burde ikkje vere skada eller sjuke. Ein må og ha viljen og evnen til å vere fysisk aktiv under heile treninga. Vi strukturerar kurset etter gruppa, gjer ting lett å hugse,og lagar ei fokusert, trygg og munter stemning som gir mestringsglede.

Vergetrening gir grunnleggjande forståing av prossessane som skjer i konfliktsituasjonar, og korleis ein kan velje høveleg handteringsmetodar. For å kunne tilegne seg den fysiske og psykiske koordinasjonen som trengs er det viktig med nokså regelmessig oppfølgjing, og oppdatering. Det gjer kvardagen tryggare for alle.

Ved trening i lokala på Aalstveit i Hemsedal, må deltakarane ha med/på treningsdress eller lause kleder. Vi trener i sokker og på mjukt golv. Elles er treningssko i gymsal e.l. eit godt alternativ. Dersom det er praktisk mogleg kan vi gjerne halde kurs og trening på arbeidsplassen der deltakarar brukar vanleg kvardagskleder og har med seg treningsdress og sko i tillegg.

Kurset passar best for 6 – 10 deltakarar (men vi kan finne fleksible løysninger for større eller mindre grupper).

Vergetreningstilbod

Gruppepris

Introduksjonskurs:- Halvdags- eller kveldskurs på 2 timar

kr.4000,-

Dagskurs og dagstrening som oppfølgjing på 4t

kr.6000,-

Helge kurs/trening, to dagar 

kr.10 000,-

Private konsultasjonar og vegledning, 1 time

kr.850,-

Merk! Prisar gjeld grupper inntil 10 deltakarar og bli oppjustert etter antall. Evt. reise, kost og losji kjem i tillegg. Vi gir rabatt ved bestilling av fleire kurs.
Vi kan lage fleksible løysingar og tilpassar kurs, vegledning og trening etter ønsker. Ta gjerne kontakt for å diskutere dine behov.

Korleis:

Ein kort oversikt/innsikt.

Vi begynner med enkle, men effektive metodar og teknikkar som hjelpar oss å bevare roen, redusere stress, halde ein klar oppmerksamheit og redusere konfliktnivået i trugande situasjonar. Det inkluderar;- Mindfulness trening;- oppmerksamheitsøvingar og avspenningsmetodar, naturlege pusteøvinger og bevistgjering om den fysiske og psykiske balansen vår, kroppsspråk og tonefall.

Så gjer vi ein vurdering av spesifikke ynskjer og behov til deltakarane.

Dette er grunnlaget for, i neste omgang, taktil kommunikasjon;- å kunne lære mjuke og enkle vergemetodar, forflytningsmåter, teknikkar og grep basert på naturlege, ergonomiske rørsler og avstandsvurderinger som, avleder og ufarleggjer ubehageleg fysisk tilnærming – det vi opplever som bl.a. angrep. Desse metodane kan, med små justeringar, anvendast til det meste – frå milde til alvorleg trugande konfliktar og angrep. Deltakarar trener bevegelser og teknikker aleine og med partner(e). Fokus og repetisjon fremjar at desse blir innarbeidd og, etter kvart, utført på ein spontan og naturleg måte. Me legg stadig vekt på å tilegne oss så rolege men bestemte reaksjonsmønstre som mogleg.

Gjennom heile kurset blir det framheva og teke omsyn til juridiske, etiske og faglege aspektar, spesielt nødrett, nødverge, tvang og aktuelle helse tilstander.

Kursveglederen; Jeremy Wilson har over 35 års erfaring innan konflikt handtering og kommunikasjon. Han har arbeid i vaktteneste, som lærar, på barnevernskollektiv, som støttekontakt og i seinare år som Inn-på-tunet tilbydar på garden i Hemsedal. Han har lang erfaring som vegleder og vergeinstruktør og har helde kurs både i Hallingdal og elles i landet. Det inkluderar vergetrening for kommunale ansatte i Hemsedal kommune, Gol Kommune, Ål kommune og Hol Kommune. Jeremy har gjennomgått kurs VEKS -fag. Han er annerkjent Mindfulness Mentor, instruktør i Meditasjon, Qi Gong, Tai Chi og Kampkunst. Han leiar treningsgrupper for desse.

Ønsker du elles å ta kontakt eller lage ei bestilling;-
mob. 90656407 – helst sms, e-post;
info@heimvegen.com

Skroll til toppen