Meditasjon Og Naturleg Friluftsliv Retreat 2024

Dato: 18 – 20 oktober på Aalstveit gard i Hemsedal

Dette retreatet blir leia av Jem Wilson Aalstveit.  Jem leiar HeimVegen, er øko-småbrukar og vegleder i meditativ friluftsliv og naturlege, mindfull movements, Qi Gong m.m..

Som  vanleg inkluderar retreatet  rolege, avslappande dagar med meditasjon og Qi Gong blant vakre fjell og skog, foredrag, gruppesamtaler måltidspraksis, økofilosofiske innslag mm… Vi legg opp til ein lengre felles turmeditasjon ute på laurdag – forhåpentlegvis på snaufjellet. Det blir ein kortare formiddagstur på sundag. Retreatet blir på norsk med moglegheit for oversetjing til engelsk.

Antall deltakarar blir maks 10. min. 4. Ta gjerne kontakt tidleg for å sjekke om ledige plassar.

Retreatet begynner på fredagskveld  med eit felles lett måltid kl.1900. Retreatet sluttar på sundags ettermiddag kl.1400. Ta gjerne kontakt om du vil delta som nybegynner eller om du lurar på noko vedr. tidene.

Pris: Fredag-sundag kr.2200.

Påmelding:  før 6. oktober for å hjelpe god organisering.

Mat:
Det blir servert vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.

Kontakt og meir info: Jem Wilson, Aalstveit, 3560 Hemsedal, sms 90656407, e-post  jwilson@online.no eller   info@heimvegen.com

Alle er velkomne!

Skroll til toppen