GARDSUTSAL

SKINN

Langhåra, flotte, naturlege spælsau – skinn. Diverse nyansar i fargene kvit, grå, svart og brun, alt etter korleis sauen var. Eit produkt du kan bruke lenge.

Kr: 1.000.,- til 1.900,-

SMÅTING I SKINN

Diverse mindre ting sydd i skinn, ofte med trykk. Puter, sitteunderlag, votter, skjerf, panneband, mobilvesker, nøkkelringer og lignende.

Kr: 40.- til 1500.-

TRYKKING

Skinn med handlaga trykk. Namn, dato og lignende kan males på skinn etter bestilling. Gamle handskjærte stemplar nyttas og til mønstre og dekorasjon.

Kr: 1.200,- til 2.400,-

SYDD SKINNFELL

Sydde skinnfeller er fleire skinn sydd saman til å passe på stoler, benker og i senger. Desse vert sydd på bestilling og etter mål.

Spør om pris.

ULL

Med økologisk garn i sauen sine naturlege farger, kan du lage heilt eigne spælsau-produkter. Garnet passar til strikkepinne strl: 3-3,5. 118m

Kr: 75,- for 50g.

FILTA SMÅTTERI

Småtteri filta av spælsau-ull. Farger og nyanser varierar med ulla. Ulla er ikkje bleka eller farga, og derfor blir alle ting unike.

Kr: 40,- til 1500,-

HORN

Både søye og vær ser stolte ut med sine flotte horn. Vi har valgt å lage flotte smykker og knapper av disse. Skil deg ut med naturlege produkter.

Kr: 10,- til 500.-

YNSKJER DU Å KJØPE GARDSPRODUKTER?

Bestill skinn, kjøt og andre gardsprodukter, fra Aalstveit. Send ein e-post til info@heimvegen.com. Du kan også ringe oss på 90 65 64 07, eller 99 32 09 71

OM GAMALNORSK SPÆLSAU

Rasen er ein av dei få opprinnelege norske sauerasane, som antakelegvis stammar frå steinalderen. For få år sidan var denne rasen utryddingstrua. I dag er denne sjeldene men hardføre rasen utbreidd over heile landet, spesielt i innlandet og i fjellet. Gamalnorsk Spælsau har eit sterkt flokkinnstinkt, og veit å bruke sine horn – både søyer og værar. Dei er flinke til å ta seg fram, særleg i bratt lende, og trivs godt på skogs- og fjellbeite, Dette gjer at dei også er veldig effektive i vedlikehald av kulturlandskapet.

På Aalstveit avlar me på reinrasa Gamalnorsk Spælsau, ein av få flokkar i Buskerud som er godkjent av Sauekontrollen, og Landslaget for Gamalnorsk Spælsau. Flokken er godkjent økologisk , og har tilgang til uteliv året rundt.

OM ULL & SKINN

Ulla er nokså unik, med farger frå nesten kvit gjennom blå/grå og svart til raudbrun. Det fins store fargenyansar. Det ganske grove dekkhåret hjelper å føre regn burt frå den veldig fine og godt isolerande underulla.

Skinntrykk er ein eldgamal norsk gardstradisjon. På Aalstveit har me samla mønster som vart brukt lokalt, og spesielt på garden vår. Me har laga sjølve eigne blokkar på gamle måten, og brukt fjellbjørk frå eigen skog. Når du kjøpe eit skinn er du med å bevare ein gamal og sjelden sauerase, fremje ein meir naturleg sauhald, støtte ein lokal driftsform, handverk og gardskunst. Av desse grunnar gjev me kvart skinn eit handlaga merke og nummer som er registrert hjå oss. Desse stadsfester kor skinnet er frå, og gjer det til eit unik produkt med ein historie.

Skroll til toppen