ved bålet, ved stølen, med sauene, med handverk, i fjell og skog,
med bogen
i idylliske behandlingslokalar på garden
Stress-meistring og Grønn resept
PÅ FJELLET
for meditasjon og kampkunst.

VELKOMEN
Midt i mellom aust og vest, i fjellbygda Hemsedal, finn du den idylliske garden som bær det gamle namnet Aalstveit.
Livstilen på garden heng i hop med det naturlege kretsløpet i dette mektige og vakre fjellandskapet.
Vi deler praksis og erfaringer frå denne livstilen gjennom nettverk, samlinger, kurs, seminar, teneste m.m. Vi kallar verksemda HeimVegen.
Ta gjerne kontakt om du vil ha meir info. Best via e-post: info@heimvegen.com

AKTIVITETAR PÅ GARDEN

KURS/ RETREAT/ SEMINAR
Kurs, retreat og vegleiing i mindfulness, stressmeistring, Qi Gong, verjetrening og sjølvforsvar, m.m.. Ved å gjenoppdage i seg sjølv ein naturleg flyt, avspenning og ro kan ein betre meistre dei praktiske og dynamiske utfordringane i kvardagen.

INN PÅ TUNET
Tilboda våre eignar seg best for ungdommar og vaksne med behov for: Arbeidstrening Rehabilitering Stress-meistring Grønn resept

GARDSPRODUKTER
Produkter frå Gamalnorsk Spælsau, som skinn, horn, ull. Vi lagar også handsydde produkter, som feller, tøflar, knappar og andre småting, – og gjerne på bestilling. Unike produkter med historie…

KURSLOKALAR
Mjølkefjøset er ombygd til kurslokalar og treningssal. Nærleik til naturen og privat plassering gjer dette til ein flott plass for grupper. Treningssalen har mjukt golv og spegel langs veggene. Garderober, kjøkken og teori / møterom i tilknytning til salen.

NØRELISTØLEN
På stølen vår, ved Lykkja i Hemsedal, har vi ein hytte til utleige. Gamal stølsbygning med fantastisk plassering, der ein verkeleg kan finne roen, og puste ut. Autentisk og ekte, slik dei hadde det før i tida, og fortsatt har det mange plasser.

MEDITASJON OG KAMPKUNST
Vi er eit trenings- og kompetansesenter for meditasjon og kampkunst. Velkomen!
KOMANDE AKTIVITETAR

Meditasjon og Naturleg Friluftsliv Retreat 2020
Dato: 20 – 22 november på Aalstveit gard i Hemsedal.
Dette retreatet blir leia av Jem Wilson Aalstveit som har lang erfaring i praksisen. Jem leiar Fjellsangha i Hemsedal, er øko-småbrukar, arbeider med Grøn omsorg og vegledning i meditativ friluftsliv og naturlege, mindfull movements/ Qi Gong.