Meditasjon Og Friluftsliv Retreat 2025

Dato: 17 – 19 eller 20 oktober på Aalstveit gard i Hemsedal

Mindfullness/Meditasjon og Qi Gong blant vakre høgfjell og skog. Finn ro, flyt og innsikt i vinterlandskapet og la straumen av den indre med den ytre naturen gi næring til sjela.

Laurdag legg vi opp til ein felles mindfull tur på snaufjellet om veret tillét. Vi går i roleg tempo som dei fleste klarar. På sundag og måndag blir det litt kortare turar.

Sjå program utkast under for meir informasjon.

Antall deltakarar; maks 10. min. 4. Ta gjerne kontakt tidleg for å sjekke om ledige plassar.

Retreatet begynner på fredagskveld  med eit felles lett måltid kl.1900. Du kan velje om du vil delta fram til kl.1500 på sundag, eller vere med på ein ekstra fordjupningsdag fram til kl.1500 på måndag.

Retreatet blir leia av Jem Wilson Aalstveit.  Jem driv HeimVegen, er øko-småbrukar og har lang erfaring som vegleder i friluftsliv, meditasjon/mindfullness, naturlege mindfull movements, qi gong, karate m.m..

Mat:
Saman lagar vi vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.

Retreatet blir på norsk med moglegheit for oversetjing til engelsk.

Pris og overnatting:
Kr.2 200,- til sundag, kr 3000,- til mandag. Dette inkluderer mat og bruk av fasilitetar, også evt. enkel overnatting på Aalstveit;- i lavvo (inntil 4 pers),  fjelltelt (desse kan bli kalde i oktober), eller enkel madrass på dojo-gulvet (avskild plass ved meditasjonssalen). Evt i eget telt, bubil e.l.. Det er tilgang til garderobe, dusj og wc, kjøkken og stugu.
Prisen er det same om ein overnatte her eller ein annen plass. Merk at det er vanleg med kuldegrader her om natta i oktober.
Om du ynskjer meir komfortabel innkvartering kan du kontakte www.hemsedal.com/

Ta med: Ute; høvelege støvlar og fjell kleder, dagstursekk til ekstra kleder, niste, termos, og liknande. Hugs vi skal vere på fjellet i ca. 4-5 timar.

Inne; Du treng ledige kleder til qi gong og meditasjon, og gjerne penn og notisblokk. Har du meditasjonspute eller teppe, ta det med, elles har vi meditasjonskrakkar. Evt. Sovepose, pute, handklede, toalettsaker.

Påmelding: Helst før 10 oktober for å hjelpe god organisering. Først kontakte oss for å sjekke om ledige plassar. Du blir påmeldt ved å betale det aktuelle beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465 eller Vipps 651047. Send då e-post eller send sms til Jem og oppgi at du har betalt og evt kva slags overnatting du ynskjer. Han set deg på deltakarliste og kjøper inn mat (og evt ordne soveplass).

Som deltakar; Vi inviterar deg til aktiv deltaking og medansvar. For måltidene kjem folk saman for å dekke bord, setje fram eller lage mat, ryddja og vaske opp. Dette er triveleg og sosialt.  Du treng ikkje mykje erfaring frå mindfulness/meditasjon men, du burde ikkje vere sjuk, du burde vere van med vanleg turgåing, har høveleg turkleder til fjellet, trivst i å vere ute i 4-5 timar. Slik sikrar vi best trivsel, tryggleik og læring for heile gruppa.

Info: Jem Wilson, Aalstveit, 3560 Hemsedal, sms 90656407, e-post  jwilson@online.no eller   info@heimvegen.com

Program utkast – vi tilpassar programmet etter ver, føre og gruppa sin evne og behov. Det kan bli endringer der vi også introduserar høvelege visualiseringsøvinger, djup avspenning m.m. Lengden på fjelltur kan bli endra. Under morgon- og kveldsmeditasjon kan du delta så lenge eller så kort som du vil. Har du spørsmål ta gjerne kontakt.

Fredag;

Kl.1900 Lett måltid saman i mindfulness.

Kl.1945 Introduksjoner og felles info.

Kl.2045 Mindfulness/Meditasjon øvinger og Qi Gong (Kunsten av å vere naturleg).

Kl.2200 Edel stillheit, dempa ljos. Zzzzz…

Laurdag;

Kl.0630 Mindfulness/Meditasjon øvinger og Qi Gong (Kunsten av å vere naturleg).

Kl.0800 Frukost. Lag niste.

Kl.0900 Rådslag om dagens tur.

Kl.1000. Mindfull fjelltur. Underveis blir det vegledning og øvinger som bl.a. fremjar flyt i naturlege bevegelsar og innsikt i den indre og den ytre landskapet. Det blir også praktisk råd om gjennomføring av meditative fjellturar. Mindfull nistepause.

Kl.1500 Heimatt til garden. Pause.

Kl.1600 Deling – felles samtale, spørsmål.

Kl.1700 Mindfull Middag

Kl.1900 Dharma tale/aktiv foredrag.

Kl.2000 Qi gong – meditative bevegelsar.

Kl.2045 Mindfulness/Meditasjon.

Kl.2200 Edel stillheit, dempa ljos. Zzzzz…

Sundag;

Kl.0630 Mindfulness/Meditasjon øvinger og Qi Gong (Kunsten av å vere naturleg).

Kl.0800 Frokost. Lag niste.

Kl.0900 Rådslag om dagens tur.

Kl.1000. Mindfull fjelltur. Underveis blir det vegledning og øvinger som bl.a. fremjar flyt i naturlege bevegelsar og innsikt i den indre og den ytre landskapet. Det blir også praktisk råd om gjennomføring av meditative fjellturar. Mindfull nistepause.

Kl.1300 Heimatt til garden,

Kl.1330 Qi Gong

Kl.1400. Deling og refleksjon. Evaluering.

Kl.1500 Avvreise for nokon.

Måndag;

Kl.0630 Mindfulness/Meditasjon øvinger og Qi Gong (Kunsten av å vere naturleg).

Kl.0800 Frokost. Lag niste.

Kl.0900 Rådslag om dagens tur.

Kl.1000. Mindfull fjelltur. Underveis blir det vegledning og øvinger som bl.a. fremjar flyt i naturlege bevegelsar og innsikt i den indre og den ytre landskapet. Det blir også praktisk råd om gjennomføring av meditative fjellturar. Mindfull nistepause.

Kl.1300 Heimatt til garden,

Kl.1330 Qi Gong fordjupning

Kl.1400 Deling og refleksjon. Evaluering.

Kl.1500 Avreise for alle.

Velkomen skal du vere!

Skroll til toppen