DANS DIN NATUR – I den Norske fjellheimen

Ei helg som gjev plass for følelsane sitt språk og kroppens evne til helning.

Du blir guida til din eigen indre dans, og betyningen av den i heilheiten.
Eit kurs som vekkjer sansene til live, og opnar for tilstedeværelse, fellesskap og livskraft.

Undervisninga omfattar avspenning, kroppsbevisstheit, bevegelse, møte med naturen og refleksjon.

Du treng ingen erfaring frå før, berre lysten til å bevege deg og utforske livet!

Leder: Åsa Rockberg, danseterapeut med 30 års erfaring med arbeide som gjeld kroppens visdom. Sjå meir på www.earthheart.se
Lokale: HeimVegen , Aalstveit, Lykkjavegen 214 Hemsedal og naturen rundt.

Tid: 27-29 oktober 2023. Fredag 18.00 – søndag 16.00
Pris: 3.000 NOK

Overnatting: Bestill overnatting lokalt på Hemsedal.comhttps://hemsedal.com/overnatting.

Kollektiv transport; https://hemsedal.com/transport (vi ordne skyss frå og til Ulsåk buss stopp i Hemsedal) info@hemsedal.com +47 32 05 50 30 Her får du informasjon om alle tog og buss til Hemsedal.

Transport mellom kurslokalet og overnatting tilbys.
Teltplass, bubilplass og lavvo for overnatting ved kurslokalet er tilgjengeleg for dei som ynskjer det.

Ta med niste/ matpakke på laurdag og sundag. På middagspausen på laurdag kan du anten eta der du bur eller kan du bruke kjøkkenet ved kurslokalen til å varme/laga eigen mat. Vi avsluttar laurdagen med ein kveldsøkt kl.19-21. På kurslokalen kan du få kaffi og te når du ynskjer det.

Ta med mjuke og behagelege klær som du kan bevege deg fritt i og ein varm genser og sokker til innendørsaktiviteten. Der går vi barbeint, i sokker eller i tynne/myke sko. Varme og vanntette friluftskler og gode fjellsko/vandrestøvler til utendørs aktivitetar.

Påmelding: Seinest 15/10 til Kirsten Aalstveit info@heimvegen.com eller tlf. +47 993 20 971 Merk; Slik blir du påmeldt; først å ta kontakt for å sjekke om ledige plassar. Så betale det aktuelle beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465. Send då e-post eller sms til Kirsten (hugs å inkludere overnattingsvalg og evt tilsvarande behov for transport). Ho set deg på deltakarliste. Ved avbestilling etter 15 oktober blir kursavgiften inneståande til eit annet framtidig kurs med Åsa Rockberg.

Fredag 27/10 kl 18.00-20.30 er en Åpen prøveperiode på kvelden, kostar 500 NOK. Det er da mogleg å fortsette å delta laurdag og sundag for den resterande kursavgiften dersom det er plasser igjen. Maks 20 deltakarar.

HJARTELEG VELKOMEN!

Earthheart Dance

Åsa Rockberg, danseterapeut og dansekunstner er grunnleggjaren av den legande danseformen Earthheart Dance. Ho har 30 års erfaring med arbeide som gjeld menneskeleg utvikling. Utdanna bl.a. i Rosenmetoden, Essential Motion (Somatic Practice), Rituell dans, Gestaltterapi og Mio-terapi (Heste-terapi).

Ho guidar menneske til å få kontakt med den kroppslege visdomen vi alle har; den naturlege visdomen som visar oss vegen, og gjev oss reiskap til å handtere livet og følelsane våre.

Del gjerne innlegget på sosiale medier:
Facebook
Twitter
LinkedIn
Skroll til toppen