HeimVegen Meditasjon
HeimVegen Meditasjon er ein ny, unik og naturleg form for oppmerksamheitsutvikling eller Djup Mindfulness.
Det inkluderar enkle kroppstillinger, rolege pusteøvinger, visualisering, sakte og oppmerksame bevegelsar, djup avspenning m.m..
Desse hjelpe deg til å gjenoppdage naturen i deg sjølv – og dermed samhaldet med naturen rundt deg. Du kjem heimatt til deg sjølv på ein djupare måte.
Dette fremjar meir balanse og flyt der indre spenninger og stress slepp taket. Då blir det meir rom for stødigheit, glede, indre ro og innsikt som gir åndeleg og personleg utvikling.
HeimVegen Meditasjon er utvikla frå mange kilder; Djup økologi, friluftsliv, mindfulness trening, qi gong og taoisme, zen, rosenmetode, psykologi, urfolk healing m.m.
På torsdagskvelder tilbyr vi fokusert og strukturert vegledning i ein trygg, roleg og fredeleg stemning. Du treng ikkje vere spesielt sprek eller mjuk. Stillinger og øvinger kan tilpassast.
Du treng ikkje vente på kurs for å vere med.
Velkomen når det passar.
HeimVegen meditasjon kan gjerne brukast som ein del av livet her i fjellbygda – påverka av naturen og kulturen i nærområdet. Dermed set vi av dagar i blant der vi kombinerar t.d. Meditasjon og Friluftsliv ; meditative fjellturar til fots og på ski, mindfull kanopadling, bålmeditasjon i skogen, telttur m.m. Det fins ingen begrensninger for korleis vi kan inkludere meditasjon i kvardagen og fritida og du kan gjerne føreslå nye metoder.
Informasjon
Når: torsdagar kl.1930 – kl.2030.
Stad: Aktivitetssalen på Aalstveit gard i Hemsedal.
Betaling;
Første prøvekveld er gratis.
Halvtårskontigent for medlemmer kr.500,-
Nybegynnerkurs (går over 6 kvelder) kr.500,-.
Drop inn kr.100,-
Vi gir rabatt og liknande til folk med meir vanskelegstilt økonomi. Ta gjerne kontakt.
Vipps; 651047 Merk; HeimVegen Meditasjon
Ha på laussittande kleder – og eit smil!
For info. og påmelding kontakt info@heimvegen.com eller mob.90656407
Meditasjon og Friluftsliv
Friluftslivs-meditasjon;- Å gå på tur over fleire minuttar, timar eller dagar i god norsk friluftslivstradisjon, oppmerksamt, med eit smil, interverande… Elles organiserer vi meditative dagsturar, Retreat og liknande, med friluftsliv som ramme og tema. Ein får ein ekstra dybde i naturopplevingar ved å fare meditativt i dype skogar, mektige høgfjell, ved ville vassdrag og på ski…
Følg med under menypunkt «nytt» eller ta kontakt for ein hyggjeleg prat;- Jem Aalstveit mob.90656407
info@heimvegen.com
Info & Påmelding
Påmelding og informasjon fåes hos vegleiar, Jem Wilson.
Telefon: 90 65 64 07
E-post: info@heimvegen.com