Meditasjon og Naturleg Friluftsliv Retreat 2020

Meditasjon-og-Naturleg-Friluftsliv-Retreat-2020

Dato: 20 – 22 november på Aalstveit gard i Hemsedal

Dette retreatet blir leia av Jem Wilson Aalstveit som har lang erfaring  i praksisen.  Jem leiar Fjellsangha i Hemsedal, er øko-småbrukar, arbeider med Grøn omsorg og vegledning i meditativ friluftsliv og naturlege, mindfull movements/ Qi Gong. 

Alle er velkomne!

Som  vanleg i denne tradisjonen inkluderar retreatet  rolege, avslappande dagar med meditasjon og Qi Gong blant vakre fjell og skog, foredrag, gruppesamtaler måltidspraksis, økofilosofiske innslag mm… Vi legg opp til ein lengre felles gåmeditasjon ute på laurdag – forhåpentlegvis på snaufjellet. Det blir ein kortare tur på Sundag. Retreatet blir på norsk med moglegheit for oversetjing til engelsk .

I år blir det eit lite retreat for å unngå koronasmitte. Antall deltakarar blir maks 6. min. 4. Ta gjerne kontakt tidleg for å sjekke om ledige plassar.

Vi må også ta omsyn til endringer som kan bety at retreat må utsetjast.

Retreatet begynner på fredagskveld  med eit felles lett måltid kl.1900. Retreatet sluttar på sundags ettermiddag kl.1400. Ta gjerne kontakt om du vil delta som nybegynner eller om du lurar på noko vedr. tidene.

Om Lokalet:
Kirsten og Jem Aalstveit organiserar retreatet på sin eigen gard. Det er vakker utsikt over høgfjell og skog med mange fine naturstigar til gåmeditasjon.

Mat:
Det blir servert vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.
Ta med: Sovepose, pute, håndklede, toalettsakar. Du treng ledige kleder til meditasjon, varme kler og gode sko/vandrestøvler til utendørs gåmeditasjon. Det blir sendt ut ei anbefaling om høveleg kledning til friluftsliv. Ta gjerne penn og notisblokk. Vi har meditasjonsputer, krakkar og teppe til utlån men du er velkomen til å ta med din eigen.

Pris og overnatting:
Fredag-sundag kr.1200. Dette inkluderar mat og bruk av fasilitetar. Enkel overnatting er gratis: i lavvu (inntil 6 pers), fjelltelt (vi har nokre få til låns) eller flatseng på dojo-gulvet (madrass på gulvet i sovesal i meditasjonssalen). Evt i eget telt, bubil e.l.. Det er tilgang til garderobe, dusj og wc

Dei som ønskjer meir komfortabel innkvartering kan kontakte www.hemsedal.com

Info om reisen; www.vy.no . Bussar frå Oslo og Bergen til Ulsåk i Hemsedal. Tog til Gol og møtande lokalbus til Ulsåk. Deltakarar kan bli henta frå Ulsåk som er 2.2km frå garden. 

Påmelding: Helst før 08. november for å hjelpe god organisering.

Merk; Du blir påmeldt ved først å ta kontakt for å sjekke om ledige plassar. Så betale det aktuelle beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465. Send då e-post eller ring Jem som set deg på deltakerliste, kjøper inn mat og evt ordne soveplass.
Kontakt og meir info; Jem Wilson, Aalstveit, 3560 Hemsedal, sms 90656407, e-post  jwilson@online.no
eller   info@heimvegen.com

Vel møtt til ei meiningsfull og lærerik helg!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Rull til toppen