Meditasjon Og Vinter Friluftsliv Retreat 2025
På Fjellski
Dato: 21- 23 mars på Aalstveit gard i Hemsedal
Mindfullness/Meditasjon og Qi Gong blant vakre høgfjell og skog. Finn ro, flyt og innsikt i vinterlandskapet og la straumen av den indre med den ytre naturen gi næring til sjela.
Laurdag legg vi opp til ein felles mindfull tur på fjellski – på snaufjellet om veret tillet. Turen blir i slakt terregn og vi går i roleg tempo som dei fleste klarar. På sundag blir det ein kortare formiddagstur.
Sjå program utkast under for meir informasjon.
Antall deltakarar; maks 10. min. 4. Ta gjerne kontakt tidleg for å sjekke om ledige plassar.
Retreatet begynner på fredagskveld med eit felles lett måltid kl.1900. Retreatet sluttar på sundags ettermiddag kl.1400.
Retreatet blir leia av Jem Wilson Aalstveit. Jem driv HeimVegen, er øko-småbrukar og har lang erfaring som vegleder i friluftsliv, meditasjon/mindfullness, naturlege mindfull movements, qi gong, karate m.m..
Mat:
Saman lagar vi vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.
Retreatet blir på norsk med moglegheit for oversetjing til engelsk.
Pris og overnatting:
Kr.2 200,- . Dette inkluderar mat og bruk av fasilitetar, også evt. enkel overnatting på Aalstveit;- i lavvu (inntil 4 pers), fjelltelt (desse kan bli kalde i mars) eller enkel madrass på dojo-gulvet (avskild plass ved meditasjonssalen). Evt i eget telt, bubil e.l.. Det er tilgang til garderobe, dusj og wc.
Prisen er det same om ein overnatte her eller ein annen plass.
Om du ønsker meir komfortabel innkvartering kan du kontakte www.hemsedal.com/
Ta med: Ute; Fjellski, Telemark, Rando e.l., høvelege skistøvler og fjellkleder til vinterfjellet, dagstursekk til ekstra kleder, niste, termos, snøspade og liknande. Vi har nokre få ski og støvelpar til leige (ta kontakt om det og oppgi høgde og skiskostorleiken). Hugs vi skal vere på fjellet i ca. 4-5 timar.
Inne; Du treng ledige kleder til qi gong og meditasjon inne, og gjerne penn og notisblokk. Har du meditasjonspute eller teppe, ta det med, for øvrig har vi meditasjonskrakkar. Evt Sovepose, pute, håndklede, toalettsakar.
Påmelding: Helst før 12 mars for å hjelpe god organisering. Du blir påmeldt ved å betale det aktuelle beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465 eller Vipps 651047. Send då e-post eller send sms til Jem og oppgi at du har betalt og evt kva slags overnatting du ynskjer. Han set deg på deltakerliste og kjøper inn mat (og evt ordne soveplass).
Som deltakar; Vi inviterar deg til aktiv deltaking og medansvar. For måltidene kjem folk saman for å dekke bord, setje fram eller lage mat, ryddja og vaske opp. Dette er triveleg og sosialt. Du treng ikkje mykje erfaring frå mindfulness/meditasjon men, du burde , ikkje vere sjuk, vere van med vanleg skigåing, har høveleg turkleder til vinterfjellet, trivst i å vere ute i 4-5 timar. Slik sikrar vi best trivsel, tryggleik og læring for heile gruppa.
Info: Jem Wilson, Aalstveit, 3560 Hemsedal, sms 90656407, e-post jwilson@online.no eller info@heimvegen.com


Program utkast – vi tilpassar programmet etter ver, føre og gruppa sin evne og behov. Det kan bli endringer der vi også introduserar høvelege visualiseringsøvinger, djup avspenning m.m. Under morgon- og kveldsmeditasjon kan du delta så lenge eller så kort som du vil. Har du spørsmål ta gjerne kontakt.
Fredag;
Kl.1900 Lett måltid saman i mindfulness.
Kl.1945 Introduksjoner og felles info.
Kl.2045 Mindfulness/Meditasjon øvinger og Qi Gong (Kunsten av å vere naturleg).
Kl.2200 Edel stillheit, dempa ljos. Zzzzz…
Laurdag;
Kl.0630 Mindfulness/Meditasjon øvinger og Qi Gong (Kunsten av å vere naturleg).
Kl.0800 Frokost. Lag niste.
Kl.0900 Rådslag om dagens tur.
Kl.1000. Mindfull fjelltur. Underveis blir det vegledning og øvinger som bl.a. fremjar flyt i naturlege bevegelsar og innsikt i den indre og den ytre landskapet. Det blir også praktisk råd om gjennomføring av meditative fjellturar.
Kl.1500 Heimatt til garden. Pause.
Kl.1600 Deling – felles samtale, spørsmål.
Kl.1700 Mindfull Middag
Kl.1900 Dharma tale/aktiv foredrag.
Kl.2000 Qi gong – meditative bevegelsar.
Kl.2045 Mindfulness/Meditasjon.
Kl.2200 Edel stillheit, dempa ljos. Zzzzz…
Sundag;
Kl.0630 Mindfulness/Meditasjon øvinger og Qi Gong (Kunsten av å vere naturleg).
Kl.0800 Frokost. Lag niste.
Kl.0900 Rådslag om dagens tur.
Kl.1000. Mindfull fjelltur. Underveis blir det vegledning og øvinger som bl.a. fremjar flyt i naturlege bevegelsar og innsikt i den indre og den ytre landskapet. Det blir også praktisk råd om gjennomføring av meditative fjellturar.
Kl.1200 Heimatt til garden.
Kl.1230 Deling og refleksjon. Evaluering.
Kl.1300 Felles lunsj.
Kl.1400 Avvreise.
Velkomen skal du vere!
Del på sosiale medier
