GARDSUTSAL

SKINN
Langhåra, flotte, naturlege spælsau – skinn. Diverse nyansar i fargene kvit, grå, svart og brun, alt etter korleis sauen var. Eit produkt du kan bruke lenge.
Kr: 1.000.,- til 1.900,-

SMÅTING I SKINN
Diverse mindre ting sydd i skinn, ofte med trykk. Puter, sitteunderlag, votter, skjerf, panneband, mobilvesker, nøkkelringer og lignende.
Kr: 40.- til 1500.-

TRYKKING
Skinn med handlaga trykk. Namn, dato og lignende kan males på skinn etter bestilling. Gamle handskjærte stemplar nyttas og til mønstre og dekorasjon.
Kr: 1.200,- til 2.400,-

SYDD SKINNFELL
Sydde skinnfeller er fleire skinn sydd saman til å passe på stoler, benker og i senger.
Desse vert sydd på bestilling og etter mål.
Spør om pris.

ULL
Med økologisk garn i sauen sine naturlege farger, kan du lage heilt eigne spælsau-produkter. Garnet passar til strikkepinne strl: 3-3,5. 118m
Kr: 75,- for 50g.

FILTA SMÅTTERI
Småtteri filta av spælsau-ull. Farger og nyanser varierar med ulla.
Ulla er ikkje bleka eller farga, og derfor blir alle ting unike.
Kr: 40,- til 1500,-

HORN
Både søye og vær ser stolte ut med sine flotte horn. Vi har valgt å lage flotte smykker og knapper av disse. Skil deg ut med naturlege produkter.
Kr: 10,- til 500.-
YNSKJER DU Å KJØPE GARDSPRODUKTER?
Bestill skinn, kjøt og andre gardsprodukter, fra Aalstveit. Send ein e-post til info@heimvegen.com. Du kan også ringe oss på 90 65 64 07, eller 99 32 09 71
OM GAMALNORSK SPÆLSAU
Rasen er ein av dei få opprinnelege norske sauerasane, som antakelegvis stammar frå steinalderen. For få år sidan var denne rasen utryddingstrua. I dag er denne sjeldene men hardføre rasen utbreidd over heile landet, spesielt i innlandet og i fjellet. Gamalnorsk Spælsau har eit sterkt flokkinnstinkt, og veit å bruke sine horn – både søyer og værar. Dei er flinke til å ta seg fram, særleg i bratt lende, og trivs godt på skogs- og fjellbeite, Dette gjer at dei også er veldig effektive i vedlikehald av kulturlandskapet.
På Aalstveit avlar me på reinrasa Gamalnorsk Spælsau, ein av få flokkar i Buskerud som er godkjent av Sauekontrollen, og Landslaget for Gamalnorsk Spælsau. Flokken er godkjent økologisk , og har tilgang til uteliv året rundt.
OM ULL & SKINN
Ulla er nokså unik, med farger frå nesten kvit gjennom blå/grå og svart til raudbrun. Det fins store fargenyansar. Det ganske grove dekkhåret hjelper å føre regn burt frå den veldig fine og godt isolerande underulla.
Skinntrykk er ein eldgamal norsk gardstradisjon. På Aalstveit har me samla mønster som vart brukt lokalt, og spesielt på garden vår. Me har laga sjølve eigne blokkar på gamle måten, og brukt fjellbjørk frå eigen skog. Når du kjøpe eit skinn er du med å bevare ein gamal og sjelden sauerase, fremje ein meir naturleg sauhald, støtte ein lokal driftsform, handverk og gardskunst. Av desse grunnar gjev me kvart skinn eit handlaga merke og nummer som er registrert hjå oss. Desse stadsfester kor skinnet er frå, og gjer det til eit unik produkt med ein historie.

Nytt fra Garden
Her på Aalstveit er det desse damene og lamma som kjem til å ta all oppmerksomheit i mai månad. Dermed blir både behandlingar og gardsbutikken stengt den tida. Så til dykk som ynskjer behandlingar eller å bestille ting i skinn, må det vera før eller etter denne datoen- 25.april.-25.mai

Opningstid Gardsutsal
Me har opent ein fast dag i gardsbutikken. Fredagar kl.12-17. Ellers etter avtale. Tlf.993 20 971. Velkomen innom for ein kikk, bestilling eller handel.

HeimVegen Kalender 2023 – Hemsedalsfjella
Julegåve frå HeimVegen Utsalg på garden, og på stugu. Ta kontakt for post sending info@heimvegen.com Kr. 180,- pluss evt. porto 651047 Alle bilde er teke av Jeremy Wilson Aalstveit på sine mange turar i fjella i og rundt Hemsedal, til fots og på ski. Veggbilde frå kalenderen kan bestillast:

HeimVegen Kalender 2022 – Hemsedalsfjella
Julegåve frå HeimVegen Utsalg på garden, og på stugu. Ta kontakt for post sending info@heimvegen.com Kr. 170,- pluss evt. porto 651047 Alle bilde er teke av Jeremy Wilson Aalstveit på sine mange turar i fjella i og rundt Hemsedal, til fots og på ski. Veggbilde frå kalenderen kan bestillast: