Haustretreat 2021: Eg er i deg, du er i meg: samstundes som vi er oss sjølve

Dato 19 – 21 el. 22november på Aalstveit gard i Hemsedal

Velkommen til haustretreat! Dharmagruppa sitt haustretreat arrangerast av Heim-Vegen (Kirsten og Jem sin verksemd) på garden Ålstveit i Hemsedal. Dette er ein kjent stad for mange i Dharmagruppa, ettersom vi år etter år har fått kome dit og nyte fjella, roen, og sauene.

 

Haustens retreat startar om kvelden fredag 19 november og varar til måndag 22 Ein kan også være med berre til søndag (alle må komme fredag).

Det leiast av Eevi. Eevi er Dharmalærar i Drivende skyers sangha i Oslo og undervisar og vegleiar i fleire nordiske land og i Storbritannia, Frankrike (Plum Village) og Tyskland (European Institute of Applied Buddhism).

Som vanleg i denne tradisjonen inkluderar retreatet rolege dagar med meditasjon og Qi Gong blant vakre fjell og skog, dyp avspenning, dharmaforedrag, gruppesamtaler, stille måltider, mm.

Retreatet blir på norsk og engelsk etter behov. Kontakt Jem for mer info.

Retreatet begynner på fredagskveld med eit felles lett måltid kl.20.00. Retreatet sluttar måndag kl.13 (eller sundag kl.13). Ta gjerne kontakt om du vil delta som nybegynner eller om du lurar på noko vedr. tidene.

 

Om stedet:
Kirsten og Jem Aalstveit organiserar retreatet på sin eigen gard. Det er vakker utsikt over høgfjell og skog med mange fine naturstigar.  

 

Mat:
Det blir servert vegetarmat. Ta med sjølv om du har spesielle behov.
Ta med: Sovepose, pute, håndklede, toalettsakar. Du treng ledige kleder til meditasjon, varme kler og gode sko/vandrestøvler til utendørs gåmeditasjon. Har du meditasjonspute eller teppe, ta det med, for øvrig har vi krakkar og sitteputer til låns.

Pris og overnatting:
Fredag-måndag kr.1700,- Fredag-sundag kr.1500,- Dette inkluderar mat og bruk av fasilitetar. Enkel overnatting er gratis: i lavvu (inntil 6 pers), fjelltelt (vi har nokre få til låns) eller flatseng på dojo-gulvet (madrass på gulvet i sovesal i meditasjonssalen). Evt i eget telt, bubil e.l. med tilgang til garderobe, dusj og wc.

Prisen er det same om ein overnatte her eller ein annen plass.
De som ønsker meir komfortabel innkvartering kan kontakte www.hemsedal.com/

 

Påmelding:  Ved stor pågang prioriterer vi de som kan holde ankomst- og avreisetidene og kan bli til måndagen. Påmeldingsfrist; 14. november.

Viktig! Du blir påmeldt ved å betale beløpet til HeimVegen, konto 2367 20 41465. Send då e-post eller ring Jem som set deg på deltakerliste, kjøper inn mat og planlegg soveplass.
Kontakt og meir info; Jem Wilson, Aalstveit, 3560 Hemsedal, sms 90656407, e-post  jwilson@online.no
eller   info@heimvegen.com 

Reise

Info om reisen; www.vy.no . Bussar frå Oslo og Bergen til Ulsåk i Hemsedal. Tog til Gol og møtande lokalbus til Ulsåk (NB fra «Gol stasjon»). Deltakarar kan bli henta frå og til Ulsåk som er 2.2km frå garden. De vil nå 14:10-bussen fra Ulsåk til Gol stasjon.

Vel møtt til ei meiningsfull og lærerik helg!

Legg igjen en kommentar

Rull til toppen