Inn-På-Tunet tilbod med HeimVegen

Vi har over ti års erfaring med Inn-På-Tunet tilbod. På garden er det gamle mjølkefjøset no ferdig ombygd. Det rommer no ei møte/mat stugu, kjøkken, verkstad/sløydsal, rom til komplimentær terapi – rosenmetode, klassisk massasje, og ein større sal i kjellar etasjen til meditasjon, Qi Gong, kampkunst, dans, Naturleg Leik o.l.

Tilboda vår eignar seg godt som;
arbeidstrening
rehabilitering
grønn resept
og elles for dei som har det vanskeleg med å meistre ein vanleg kvardag, men som har behov for å halde seg i meiningsfull aktivitet.



Me har fire type Inn-På-Tunet tilbod;

1. Aktivitetar og arbeid på garden og i skogen.
For dette er det ein føresetnad at evt. deltakarar/brukarar har ein interesse for handverk, dyr og frisk luft – dermed blir det størst sjanse for ei positiv utvikling og meistringskjensle.
Arbeidet/aktiviteten kan føregå inne eller ute, avhengig av vær og føre, men
hovedsatsen er på utearbeid. Vi kan lett tilpasse kvar einskild sin kapasitet til fysisk aktivitet i frisk luft. Me legg vekt på tryggleik og eit triveleg
arbeidsmiljø samt rådgjeving om arbeidsstillingar og -teknikk.
Det følgjer ei liste over høveleg aktivitetar/arbeidsoppgåver;
Foring og stell av buskap (Skotsk Galloway ammekyr/kalvar, Gamalnorsk Spælsau)
Skogsarbeid, tømmer og ved.
Arbeid med jorda.
Gjerding og laging av gjerdestolpar frå eige virke.
Rydding av beite/kulturlandskap.
Snekkering og handarbeid.
Reparasjon av utstyr.
Mykje av dette er sesongavhengig, og me har gode erfaringer med å tilpasse
tilboda etter det.


2. Friluftsliv
Friluftsliv er ein viktig del av kvardagen vår både personleg og som turisttilbod. Me har lang erfaring med vegleiing i friluftsliv, og legg vekt på å lage trivelege og meiningsfylte naturopplevinger.
Korte og lengre turar til fots, på trugar og på ski.
Kanopadling
Båttur – robåt
Fiske
Overnatting i lavvu, telt, snøhule m.m



3. Komplimentær terapi.
Vi representerar, samla sett, nesten 50 års erfaring med komplimentære og alternative behandlingsmetoder. Klientane våre inkluderar fastboande og tilreisande som ofte vel behandling/terapi hjå oss som tillegg til lege- eller psykologbehandling o.l.. Tilboda vår hjelper; avspenning, blod- og lymfesirkulasjon, fordøyelse, stivheit og stress m.m. Utøverar over får ofte auka vitalitet, fleksibilitet/mjukheit, sjølvtillit og indre ro. Klientane vår har nemd følgjande i.s.m behandling hjå oss; auka energi og overskudd, sterkare immunforsvar, reduserte smerter, bedre kroppshaldning og kroppsbevisstheit, auka smidighet og muskelstyrke, bedra koordinasjon og balanse, mental og fysisk avspenning, djupare søvn og kvile.
Tilboda omfattar følgjande;
Rosenmetoden
Klassisk Massasje
Qi Gong
Meditasjon

4. Leige av lokalen
Ta gjerne kontakt for å diskutere omfang, varigheit og pris.


Prisar; Pr. i dag tek me utgangspunkt i dei engasjement og avtaler som me alt har. For ein 6 – 8 timars dag er prisen kr.1300,-. Denne er eit grunnlagspris for einskilde individ. Vedr. Rosenmetoden og liknande er prisen kr.550,- pr. time.. Elles er prisen for Qi Gong og Meditasjon kr.400,- pr time

Om du trur at me har tilbod du treng, ta gjerne kontakt for ein hyggjeleg prat!
HeimVegen, Aalstveit, 3560 HEMSEDAL. mob. 90656407 e-post
; info@heimvegen.com

Skroll til toppen